OpplevEvje/Setesdalswiki: Vekselbruk og dobbel nytte!

Eg, Geir Daasvatn, som driv OpplevEvje AS saman med Leif Jørgen Versland, har ein stor hobby med å skrive artiklar frå lokalmiljøet i nettleksikonet Setesdalswiki. Desse to interessane er det svært nyttig for meg å kombinere, slik at resultatet blir forsterka og forbetra begge stader. 

Eit heilt ferskt eksempel på denne gjensidige nytteverknaden er artikkelen me i OpplevEvje just skreiv om Andreas Irslinger og handverksfirmaet hans Irslinger AS. Med utgangspunkt i den artikkelen, hadde eg opplysningar til å lage ein liten artikkel om Irslinger AS på Setesdalswiki.

Register over næringsverksemdene i Evje og Hornnes

Alle artiklane eg – eller andre – skriv om næringslivet i Evje og Hornnes, og bileta som er med i artiklane, blir merka med kategorien «Næringsliv i Evje og Hornnes». På det viset får Setesdalswiki eit stadig betre utbygd register over verksemdene som finnast i kommunen vår.
Nytteverknaden går også andre vegen. Eg, eller andre skribentar på Setesdalswiki, har kanskje laga ein artikkel tidlegare om la oss seie Indre Agder Transport. Det blei faktisk gjort så langt tilbake som i 2014. I arbeidet med OpplevEvje besøkte me Rune Thorsen og Indre Agder Transport i mai 2019, og laga ein artikkel om den verksemda på OpplevEvje.no. Då fekk eg nye opplysningar, som eg kan fylle inn i artikkelen på Setesdalswiki ein gong det høver seg slik.
Det er sjølvsagt ikkje lett å halde eit leksikon oppdatert til einkvar tid. Alt arbeidet er tufta på dugnad, og gjerast innimellom andre oppgåver og interesser. Feil og utdaterte opplysningar førekjem. Men samanlikna med alternativet, eit papirleksikon som ein ikkje kan oppdatere, eller kanskje ikkje noko oppslagsverk i det heile, er det mi faste meining at Setesdalswiki held ein brukbar kvalitet og har sin misjon.

Setesdalswiki aukar informasjonsverdien til OpplevEvje.no

Ein svært nyttig sideverknad med artiklane på Setesdalswiki, er at me kan lenke til dei når me skriv saker på OpplevEvje.no. Dermed kan dei som les artiklane lett klikke på lenkene og få vite meir om ein bedrift, ein bedriftsleiar som er omtalt eller andre forhold. Informasjonsverdien av artiklane våre på OpplevEvje.no blir på dette viset mykje betre enn han ville ha vore utan lenkene. For meg personleg, som ynskjer å spre mest mulig positiv og/eller nyttig kunnskap om den kjære heimbygda mi til omverda, er nok dette den mest interessante og givande nytteverdien.

Harald Haugland. Foto: Eskedahl

Setesdalswiki er unik

Setesdalswiki kom i gang i april 2009, og er grunnlagt av wikiveteranen Harald Haugland. På den tida budde han i Valle, men no er han busett i Mandal. På dei snart 11 åra som er gått, har Setesdalswiki blitt eit temmeleg unikt oppslagsverk for Setesdal og områda rundt. Om du klikkar deg inn på artiklane om til dømes Evje og Hornnes eller Setesdal, vil du straks oppdage kva for ein enorm «kunnskapsbank» Setesdalswiki eigentleg er om lokalmiljøet. Inkludert næringslivet i Evje og Hornnes.
Setesdalswiki er mykje brukt, og har for tida rundt 600 besøk kvar dag. Eg har ikkje inntrykk av at leksikonet er veldig godt kjent i min eigen heimkommune. Men det kan jo endre seg etter kvart!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

OpplevEvje/Setesdalswiki: Vekselbruk og dobbel nytte!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Skardefjell

Skardefjell, på Birkeland på østsida av Otra, er en kort tur på bare noen hundre meter. Men innsatsen blir belønnet med en nydelig utsikt utover

Den kvite sanden

Den kvite sanden er ei nydeleg sandstrand i det nord-vestre hjørnet av Kosvatn i Hornnes. Stranda kan vere eit fint mål for ein badetur om

Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek

Bjørnåsen – Evje

Bjørnåsen er eit lite, men lett kjenneleg fjell (442 moh.) på austsida av Otra rett nord for Evje-garden og Evje kyrkje. Frå eit utkikkspunkt litt

Klepp – Gymsåna

Frå Klepp heilt sør i Evje går det fin skogsbilveg fleire kilometer innover i heia langs Gymsåna. Her er gamle fløytingsmurar, ein øydegard som kanskje

Fennefossfjellet turløype

Fennefossfjellet (490 moh.) ligger på vestsida av Otra like ved Evje sentrum. Toppen av fjellet er et fantastisk utsiktspunkt, og turen opp til toppen er

Mest lest siste 7 dager