Nå er første heftet i «Setesdalsserien» min i handelen!

Lesarinnlegg, av Geir Daasvatn

Nå er boka mi med landskapsbilete frå Evje og Hornnes levert frå trykkeriet. Helge Stokkeland og Knut På Bø på Setesdalstrykk har gjort ein framifrå jobb, og bokbindaren det same. Det er gøy å kunne bruke ei lokal verksemd til å framstille boka, og spesielt i det vanskelege koronaåret 2020.

Eg er litt stolt over å sjå mitt eige arbeid på trykk. Bileta er tatt over ein periode på 11 år. Så det ligg eindel arbeid bak. Ein av dei første månadane etter nyttår kjem etter planen boka frå Bygland. Innan jul i 2021, altså om eitt år, vil eg prøve å ha ferdig bøkene frå Valle og Bykle. Til saman vil eg tru det blir om lag 500 boksider med landskapsbilete frå heile Setesdal.

Eg synest sjølv at resultatet i dette første forsøket er blitt ganske fint. Noko anna ville jo vere litt underleg. Men eg kan rimelegvis ikkje vere min eigen anmeldar. Så om bygdefolket og andre potensielle lesarar meiner det same, ventar eg i skrekkblanda fryd på å få høyre meir om.

Evje og Hornnes først

Evje sett frå Krossen, på andre sida av Otra. Det er eitt av dei rundt 140 bileta som er med i heftet.

Det er små glimt av landskapet i Evje og Hornnes eg viser fram i denne første boka. Eg har prøvd å få med bilete frå alle delar av kommunen. Men kvar einaste lille plass har eg ikkje vore innom. Eg stillar også ganske strenge krav til meg sjølv til kvaliteten på arbeidet. Mange plassar eg har bilete frå, og som det nok kunne vore moro å vise fram, har eg latt vere å ta med. Det er rett og slett fordi eg ikkje synest arbeidet mitt er bra nok. Men eg er alt inne på tanken om ein oppfølgar. Då vil eg prøve å få vist fram ein del av stadane som ikkje er med i boka no.

Eg betaler alt ved denne boka sjølv. For å halde kostnadane på eit overkomeleg nivå, har eg sett saman boka på eigehand. Det er sjølvsagt ein «risikosport». Men eg har prøvd å halde utforminga enklast mogeleg, slik at risikoen for store grafiske tabbar er redusert. Nokre små «skjønnheitsfeil» er det blitt, men ikkje noko lesaren vil reagere på trur eg. Det er bilda som er i sentrum, så at boka er enkelt utforma vonar eg lesaren vil bere over med.

Kort om innhaldet

Eg skriv ei lita innleiing, der eg fortel litt om kvifor eg så gjerne vil dele nokre av bileta mine med bygdefolket og andre som måtte vere interessert. Så er det først ein bolk med bilete frå Hornnes, og deretter ein frå Evje. Eg har eit lite kapittel mot slutten der eg fortel litt om alt det spennande me kan finne om me ser oss litt rundt på tur ute i naturen. Så avsluttar eg med nokre få ord før eg dreg vidare mot Bygland og seinare Valle og Bykle. Målet er som nemnt å få gitt ut ei biletbok frå kvar av kommunane i Setesdal innan 2021 er omme.

Eg er veldig spent på kva lesarane vil meine om boka mi. Men uansett kva andre måtte tenke eller meine, har eg fått oppfylt eit stort mål: Å syne fram heimbygda mi som eg er så glad i frå ei vakker side. Det trur eg at eg har klart, og det er viktigaste for meg. Så håpar eg å få til eit fint resultat i dei tre neste prosjekta også, i Bygland, Valle og Bykle.

 

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

 Nå er første heftet i «Setesdalsserien» min i handelen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Evje Mineralsti

Evje Mineralsti er et eldorado for de steingale! Evje og Hornnes, sammen med nabokommunen i sør Iveland, er «verdensberømt» for sin mineralrikdom. I Evje Mineralsti

Lian turløype – Evje

Lian turløype ligg like bak Tingberget bustadfelt på Evje, og er ein kortreist skogstur du kan gjere når som helst. Dette er ikkje ein avansert

Furuly friluftspark

Nesten midt i Evje sentrum ligger den vakre Furuly friluftspark og bare venter på ditt besøk! Skrevet av Geir Daasvatn Furuly friluftsområde er et stort

Mykleåsen turløype

Mykleåsen er eit fjell (512 moh.) i Flatebygd. Det går ei fin turløype gjennom gamalt, historisk gruve- og mineralterreng til toppen av fjellet. Fleire stader

Evjemoen rundt

Evjemoen rundt er en kjempefin sykkeltur på idylliske grusveger. Om du er meir lysten på å bruke beina, er området like fint for en gå-

Mest lest siste 7 dager