Lokalhistorie: «A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri 1898–1948» i nytt opptrykk

Byglandsfjord rundt 1905. Postkort, fotograf ukjent.

«A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri 1898–1948» var eit jubileumsskrift til saga sitt 50-årsjubileum i 1948. Forfattar var Mikkjel Skjevrak. Jubileumsskriftet blei trykka hos P. M. Danielsens Trykkeri i Arendal.

Kulturprisvinnaren Reidar Tveito har ein finger med i det meste når det kjem til å gjere historia rundt Byglandsfjord kjent. Foto: Geir Daasvatn

No i november 2020 har Torgeir Moseid og Reidar Tveito gjeve ut eit opptrykk. Bak i heftet er det lagt til nokre historiske bilete. Kopiering og grafisk arbeid er ved Reidar Tveito. Dette nye heftet er trykka hos Bjorvand & Co i Kristiansand. Heftet er å få kjøpt mellom anna hos Norli Evje og Coop på Byglandsfjord. Prisen er 120 kroner.

Lokalhistorie av beste merke!

Her kan du lese om skogen i Setesdal og kvifor det var naturlege vilkår for eit større sagbruk på Byglandsfjord. Mikkjel Skjevrak skriv om den gamle tømmerhandelen. Han fortel den spennande historia om korleis tanken om eit større og moderne sagbruk på Byglandsfjord tok form, og det som skjedde då saga blei reist. Me får vite litt om dei som styrte med saga, og om den dramatiske brannen i 1913 då saga brann ned. Her er spennande historie om dei gamle oppgangssagene, om tømmerfløytinga, om sentrale personar i drifta, om gamle merkarar som liksom stod i ein klasse for seg og om veltente arbeidarar og tenestemenn ved bruket. Det er stykke om skogane som kom på utanbygds hender, om skoghandlarar i Setesdal, om arbeidsliv på Byglandsfjord og sist men ikkje minst eit tilbakeblikk på dei godt 50 åra som då var gått sidan Setesdalsbanen kom til Byglandsfjord. Til slutt kjem nokre nyare historiske bilete som altså er lagt til av Torgeir og Reidar.

Er du interessert i lokalhistorie frå Setesdal, kan du truleg mest ikkje finne noko meir spennande å lese no framover i mørke desemberkveldar!

Mikkjel Skjevrak. Bilete frå jubileumsskriftet.

Lokalhistorie: «A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri 1898–1948» i nytt opptrykk

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Fjellestad – Tveit skiløyper

I området Fjellestad – Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper. Det er alt i alt rundt 20

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går

Allmannavegen

Allmannavegen er en flott turløype i nydelig skogsterreng mellom Oddestemmen og Haugen/Åneland i Evje. Allmannavegen i en større sammenheng er en historisk ferdselsveg fra Evje

Postvegen Håland – Kleveland

Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840. Vegen

Lian turløype – Evje

Lian turløype ligg like bak Tingberget bustadfelt på Evje, og er ein kortreist skogstur du kan gjere når som helst. Dette er ikkje ein avansert

Glova – Abusdal

Glova på Styggedal er en stor og spektakulær sprekk i berget, antakelig av tektonisk opphav, på Abusdalsheia sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Mest lest siste 7 dager