Lars Reidar tok farvel!

Torsdag 10. oktober 2019 møtte heidersmannen Lars Reidar Vasland (72) i sitt siste kommunestyremøte. I fem periodar, 20 år, hadde han då vore fast medlem i kommunestyret.

Før Lars Reidar blei fast medlem, var han varamedlem i to periodar. Også i dei periodane møtte han på mange kommunestyremøter. Så me kan med god grunn seie at han har utført – minst – 28 års teneste i lokalpolitikken.

Bytta parti

I dag representerer Lars Reidar Senterpartiet. Det har han gjort dei to siste periodane. Før det, dei tre første periodane i kommunestyret, var han medlem for Høyre.

Dei to siste periodane har han også vore medlem av formannskapet. Dei siste fire åra, 2015-2019, har han i tillegg vore kommunen sin varaordførar.

Andre verv

Ved sida av desse verva, har Lars Reidar langt tilbake i tid vore leiar i skule- og kulturstyret, og han har også i to periodar vore leiar i plan- og bygningsrådet.

Spennande å følge utviklinga over tid!

Då me etter det siste kommunestyremøtet spurte den avtroppande kommunepolitikaren om kva han minnast aller best frå alle desse åra, oppsummerte han slik:

– Det har vore veldig moro å kunne følge utviklinga i Evje og Hornnes over ein lengre periode. Spesielt etter nedlegginga av Evjemoen, då mange frykta kva som kom til å skje med bygda vår. Det har vore ein nesten eventyrleg framgang, når me tenker på alle dei arbeidsplassane som forsvant med Evjemoen.

Lars Reidar har følgd utviklinga i kommunen på nært hald i tre tiår! Foto: Geir Daasvatn

Han meiner kommunen gjorde eit veldig godt grep, då Evjemoen Næringspark blei oppretta.

– Ja, eg er veldig glad for at me har hatt Evjemoen Næringspark. Til dømes trur eg at det aldri hadde blitt noko fengsel på Evjemoen utan Næringsparken. Diverre har økonomien i kommunen og selskapet ikkje gjort det mogeleg med direkte økonomisk støtte til næringslivet i nokon særleg grad. Men kommunen og Næringsparken har jobba hardt og godt for å legge til rette for næringsverksemd på mange andre vis.

Før me seier farvel til Lars Reidar og dette vesle lynintervjuet på trappa utanfor kommunehuset, er det ein ting til han dreg fram som eit stort føremon i kommunen:

– Administrasjonen i Evje og Hornnes kommune har vore svært dyktig og effektiv!

I det private liv er Lars Reidar gift med Helga, og bur i Tingbergheia. Underteikna hugsar han godt som ein svært triveleg sjef på postkontoret på Evje tilbake på byrjinga av 1980-talet. Seinare var han som mange veit banksjef i Sparebanken Sør i Åseral i ei årrekke. Men mennesket Lars Reidar må me kome tilbake til i ein seinare og meir djuptgåande artikkel, om det kunne høve seg slik.

Takk til Lars Reidar for ein stor innsats for heimbygda vår i alle desse åra!

Les meir om Lars Reidar på Setesdalswiki

Lars Reidar tok farvel!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Furustovhei

Furustovheia er ein ås (567 moh.), eit heieområde, om lag to kilometer nord-vest for Fennefossfjellet på vestsida av Otra i Evje og Hornnes kommune. Løypa

Rygnestadtunet – Valle

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige

Dansarberga turløype

Dansarberga er et fjell eller en ås i Evje.  Her var det fra gammelt av en samlingsplass eller danseplass for ungdommen – Dansarberg. I dag

Kallshovet

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen

Fennefoss rundt

Enten du er gjest i bygda eller innfødt, er en sykkeltur rundt Fennefoss både fin trim og en spennende opplevelse. Ja, du må selvfølgelig gjerne

Abusdalsknuten

Abusdalsknuten er en fjelltopp (596 moh.) sør-vest i Evje og Hornnes kommune, på heia mellom gårdene Fjellestad i øst og Abusdal i sør-vest. Abusdalsknuten er

Mest lest siste 7 dager