Langs Lindåna

Lindåna renn frå Vålevatn og Skranevatn på heia aust for Vestre Hodne ned til Ærekilen i Otra, heilt sør i Evje og Hornnes kommune.

I området mellom Skranevatn og Vålevatn er det eit fint hyttefelt med mange fritidsbustader. Det går veg inn hit, Skranevannsvegen, frå Haugland langs Abusdalsvegen.

Lindåna kraftverk. Foto: Geir Daasvatn

Fallet i Lindåna, 130 meter, blir utnytta i Lindåna kraftverk. Kraftverket sto ferdig i 2011. Frå Skranevatn og ned til kraftstasjonen under Eikåsen går det ei røyrgate på 1079 m. Installert effekt er 1,45 MW, og årsproduksjonen er 4,4 GWh. Det svarar til normalforbruket til om lag 220 husstandar. Kraftverket er eigd av to grunneigarar i Lindåna Kraft AS, Søren Gotthard Hodne og Terje Abusland (49 %), og småkraftselskapet Bekk og Strøm AS i Kristiansand (51 %).

Nedanfor kraftverksbygningen, ved Vreistemyr, er det eit veldig triveleg, eldre hyttefelt.

Lindåna renn ganske stille vidare forbi Karelskeneset. Ved Suggehølen svingar ho seg meir mot sør, og renn ut i Ærekilen gjennom Lindångapet.

Suggehølen. Hodne sag i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Fin sykkeltur!

Det er veldig fint å sykle langs Lindåna. Kjem du med sykkelen bak på bilen, kan du parkere midt på den lange sletta ved Slettefet, der den gamle Postvegen tek til. Derfrå syklar du forbi Hodnemoen og inn til vestre enden av Hodnekilen. Følg Eikåsvegen vidare, og du er snart på veg vestover med elva på di venstre side. Landskapet er idyllisk. Når du kjem til kraftverksbygget, kan du sette frå deg sykkelen og spasere det siste bratte stykket opp til Skranevatn.

Kart over området

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

Langs Lindåna

Likte du artikkelen?
Del den videre

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Julestemning i Ruttas Systue!

Ruth Føreland Nygård begynte som kontormedarbeider hos Kjoreskole.no 1. august. Kontoret er rett ved innkjøringen til Evje sentrum fra sør. Her trives hun veldig godt,

Turforslag fra OpplevEvje

Svaba – Uleberg

Svaba (621 m.o.h.) er ein særmerkt avrunda fjelltopp ovafor Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Fjellet er eit fint turmål, der du frå toppen kan sjå

Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn

Den gamle Postvegen

Heilt sør i Evje og Hornnes, på Hodne, kan du gå eller sykle langs den gamle Postvegen frå 1840 i fleire kilometer, gjennom idyllisk og

Linddalen naturreservat

Linddalen naturreservat er en 110 dekar stor vernet edellauvskog i Linddalen, øverst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Skogen er alm- og lindeskog, med innslag av flere

Mest lest siste 7 dager