Laila & Lars – Gjennom tjukt og tynt i 50 år!

Laurdag 31. august 2019 kunne Laila og Lars Kile feire gullbryllaup og 50 år som ektefellar. Dei gifta seg i Vågsbygd kyrkje 31. august 1969. Me var så heldige å få vere med på ei lita markering for dei i klesbutikken nord i Evje sentrum, der dei har brukt så mykje av livet sitt.

Det er dottera Rita som har invitert til blautkake og mimring over dei 50 åra som er gått. Ho har pynta butikken fint med blomar og konfetti. Det skin tydeleg igjennom at ho er stolt av foreldra sine. Med på laget er nokre av dei næraste venene til Laila og Lars; Bjørg og Jan Erik Galteland, Rosa Skibsrud og Olav og Bodil Kiland.

Kor kom dei frå?

Laila er fødd i 1949 på Stord. 11 år gamal flytta ho til Kristiansand med familien. Då ho blei 16-17 år, begynte ho å lure seg inn på Festninga, og på andre utestadar i Kristiansand som Metro og Markens Grøde.

Lars er ekte Evje-gut, fødd i 1948, og son til Astrid Terese Kile Odde og Nils Ingemann Kile. Nils Ingemann hugsar mange sikkert bedre som «doktor Kile».

I ungdomstida arbeidde Lars først som anleggsarbeidar, og var med på å bygge Odderstølvegen i Iveland. Men 1. mars 1969 byrja han som ekspeditør i klesforretninga til Ole K. Thomassen, i Ågedalhuset litt nord i sentrumsgata på Evje, Evje Herre- og Gutteklær. Her fekk han bedre løn enn på vegarbeidet, og det følgde leilegheit med jobben!

Lars meiner han var på ein gutetur til Kristiansand då han traff Laila. Det var han, Sverre Leif Lien og Eivind Magne Austenaa. Kanskje i 1967? Laila gjekk langs vegen og leidde på sykkelen sin, då gutane kom forbi.

– Du kan seie at eg plukka Laila opp på gata, ler Lars når han minnast tilbake. Me køyrde henne heim, og dermed var kontakten oppretta.

Så kom altså giftarmålet 31. august 1969, med vigsel i Vågsbygd kyrkje og stor bryllaupsfest i heimen til Lars i Arendalsvegen på Evje.

Eit treff på gata i Kristiansand kan føre til mykje! Foto: Geir Daasvatn

Glimt frå arbeidslivet

Den første tida arbeidde Laila hos Marie Bekkerhus, medan Lars heldt seg hos O. Thomassen. Heile denne tida budde familien i 2. etasje i Ågedalhuset, over butikken der Lars arbeidde.

I 1975 ville Ole K. Thomassen konsentrere seg meir om butikken han hadde i Vennesla. Lars kjøpte då forretninga av han, og dreiv vidare under same namnet.

I 1979 var lokala blitt alt for små og upraktiske. Ågedalhuset blei rive, og den særmerkte butikken som står på staden i dag blei bygd. Namnet skifta til Lars Kile, og Laila blei med i drifta for fullt.

Slik samarbeidde dei i over 30 år med å drive klesbutikken Lars Kile fram til ei stor og suksessrik verksemd i Evje sentrum. For rundt 10 år sidan «pensjonerte» dei seg frå butikkdrifta, og overlet ansvaret til dottera Rita. Men dei er stadig å sjå, både Laila og Lars, om du stikk innom ein tur. Slik er dei ein stor ressurs for Rita når familie- og forretningslivet blir ekstra travelt.

Me skjøner på både Laila og Lars at samarbeidet deira i butikken ikke alltid gjekk heilt knirkefritt.

– Me har hatt våre feider, spesielt om innkjøp av varer til butikken, fortel Laila. Lars er sta! Men han har blitt myke mildare i stilen med åra, seier ho og gløttar bort på ektemannen med eit varmt blikk.

 

50 år som kone og mann fortener eit kyss! Foto: Geir Daasvatn

– Handelslivet på Evje er blitt mykje tøffare med åra, understrekar Lars. Vi var mest aleine til å handle med klede i starten. Nå er det konkurrentar over alt i heile bygda, og ikke minst på nettet.

Kva med ekteskapet?

Når eit par kan feire 50 år som rette ektefolk, er det god grunn til å høyre litt meir om korleis det kan gå til. I dag er det ikkje lenger så vanleg å halde saman heile livet, og meir enn halvparten av alle ekteskap endar i skilsmisse. Det er ikkje eingong så vanleg å gifte seg; mange vel like godt å vere sambuarar.

– Alle i venekrinsen vår har halde saman gjennom heile ekteskapet, skyt Olav Kiland inn. Eg trur miljøet ein vankar i kan bety mykje. Om dei andre i gjengen held saman, blir det liksom litt viktig for ein sjølv også.

– Men me er nok den siste generasjonen som held saman på ein slik trufast måte, føyer Rosa Skibsrud til.

På dette tidspunktet i samtalen, kjem me inn på mange djupe livsspørsmål og kloke og personlege tankar som det ikkje høver så godt å referer i full breidde her. Men alle i gjengen er inne på dei store endringane som har skjedd i samfunnet. Kvinna har blitt likstilt med mannen i mykje større grad, og det er bra. Men ho er dermed også blitt mykje meir sjølvstendig i økonomien. Ho er ikkje lenger avhengig av mannen si inntekt, og kan klare seg sjølv. Ei stor endring er også at ein stiftar familie mykje seinare. Livsløpet for kvinna før var ofte å stifte familie tidleg, få barn og vere husmor. Slik var kvinnene innstilte på at det skulle vere. I dag er det mykje viktigare for dei å ta ei god utdanning, og få ein bra jobb som høver til utdanninga. Det å stifte familie og få barn er ikke lenger ei altoverskyggande oppgåve for dei fleste.

Gratulerer med 50 år saman!

Me må avslutte det lille besøket vårt hos Laila og Lars. Dei har vore inne på at 50 års samliv ikkje går føre seg utan diskusjonar og usemje. Men om ein vil kvarandre vel, og tek omsyn til den andre sine ynskjer og behov, kan eit langt liv saman føre med seg mykje glede og tryggleik. Dei er tydeleg glade i kvarandre, og det er så fint å sjå! Ved sida av Rita, har dei også dottera Christina, og er velsigna med fem borneborn.

Gratulerer med 50 års bryllaupsdag!

 

Laila & Lars – Gjennom tjukt og tynt i 50 år!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Evje Mineralsti

Evje Mineralsti er et eldorado for de steingale! Evje og Hornnes, sammen med nabokommunen i sør Iveland, er «verdensberømt» for sin mineralrikdom. I Evje Mineralsti

Vatnedalen – Bykle

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome

Allmannavegen

Allmannavegen er en flott turløype i nydelig skogsterreng mellom Oddestemmen og Haugen/Åneland i Evje. Allmannavegen i en større sammenheng er en historisk ferdselsveg fra Evje

Vasslandshei – Abusdal

Ein tur opp på Vasslandshei (437 moh.) ved Vasslandstjørna på Abusdal er bare ein svipptur på kanskje ein halv time. Men du og du for

Myglefossen – Kosåna

Myglefossen er ein foss i Kosåna, mellom Øyvatnet og Myglevatn, på Abusland på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes.  Du kan lett kome til Myglefossen, og få ei

Mest lest siste 7 dager