Kommunevalet: Søren Hodne, SP

Søren Hodne (fødd 1957) er Senterpartiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet i Evje og Hornnes mandag 9. september 2019.

Søren bur på Hodne gard heilt sør i Evje og Hornnes. Her dreiv han i mange år økologisk gardsbruk og var mjølkebonde. Nå er det eit generasjonsskifte på gang, og Søren arbeider som fagarbeidar ved Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Han er gift med Ingebjørg. Dei har i ei årrekke vore beredskapsheim for BUF-etat og med i «Inn på Tunet»-prosjektet. Ingebjørg har hatt gardsutsal, og Søren er spesielt godt kjent for det økologiske smøret «Søren så godt».

Søren har vore med i kommunestyret i inneverande periode (2015-2019), der Senterpartiet har hatt varaordføraren ved Lars Reidar Vasland. Ved kommunevalet nå er Søren altså Senterpartiet sin ordførarkandidat.

Kjelder: www.setesdalswiki.nowww.bondelaget.nowww.e-h.kommune.no

Kommunevalet: Søren Hodne, SP

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Reiårsfossen gamle bru

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen

Bjørnåsen – Evje

Bjørnåsen er eit lite, men lett kjenneleg fjell (442 moh.) på austsida av Otra rett nord for Evje-garden og Evje kyrkje. Frå eit utkikkspunkt litt

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome

Årdalsvegen – Bygland

Årdalsvegen er ein privat skogsbilveg – ein god grusveg – som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Tovdalselva i Årdalen. Skrive

Trollfoss – Vegusdal

Trollfoss i Hovlandsåna forbi Flateland i Vegusdal er ein svær foss på ein litt mystisk plass. Det er ingen lang tur. Men om du er

Myrstålmyrbua – Lauvland

Myrstålmyrbua er ei gamal, lafta bu som står på Myrstålmyra på heia på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Skrive av Geir Daasvatn Seinare utanriks- og statsminister Jørgen Løvland var som

Mest lest siste 7 dager