Kommunevalet: Olav Andreas Erdvig, FrP

Olav Andreas Erdvig (fødd 1968) er Fremskrittspartiet sin 1. kandidat ved kommunevalet i Evje og Hornnes mandag 9. september 2019.

Olav Andreas eig og driv Pernille Kafè i Sentrumsbygget og Tip Top Burgers & Sånt rett over gata, i den nye Sentrumsgarden. Begge verksemdene driv han saman med kona Anita Abusland Erdvig. Olav Andreas er dagleg leiar og kjøkkensjef, medan Anita er kontorsjef og personalansvarleg.

Olav Andreas har allsidig og brei erfaring innanfor drift av kafeteria. Han er utdanna kokk, mellom anna diplomkokk ved Gastronomisk Institutt i Stavanger.

Olav Andreas er tredje generasjon som driv Pernille Kafè. Føre han dreiv bestemora Bertha Haraldstad kafèen, og etter henne Olav Andreas si mor, Kjellfrid Erdvig.

På fritida har Olav Andreas vore mykje engasjert i orienteringsgruppa i Otra IL. Han var fotballtrenar for aldersbestemte lag i fotballgruppa i mange år, og leiar i gruppa 2006-2007. Han var også leiar i friidrettsgruppa i Otra IL i 1991-1992.

Olav Andreas kom med i kommunestyret i inneverande periode, frå sommaren 2017, då FrP sin representant Brian Desmond flytta til Bygland og gjekk ut av kommunestyret. Nå står han altså på 1. plass på FrP-lista ved det nærståande kommunevalet.

Kilde: Artikkelen om Olav Andreas på Setesdalswiki

Kommunevalet: Olav Andreas Erdvig, FrP

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Postvegen Håland – Kleveland

Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840. Vegen

Landeeika i Grendi

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for

Svaba – Uleberg

Svaba (621 m.o.h.) er ein særmerkt avrunda fjelltopp ovafor Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Fjellet er eit fint turmål, der du frå toppen kan sjå

Bygdeborga på Urdalsfjell

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Skrive av Geir Daasvatn Det er minst fem kjende slike bygdeborger i

Langs Håtveitåna

Håtveitåna er ei kort, lita elv mellom Kleveland og Lislevatn på heia langs Arendalsvegen.  Ho renn bratt nedover i terrenget frå Vikstølvatnet til Hovlandsåna. Det

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det

Mest lest siste 7 dager