Jubel og dans for ny barneskule!

Den nye barneskulen på Evje blei offisielt opna i dag 1. desember. Det blei ei fantastisk fin stund, der både elevar, lærarar og andre med eit snev av dansefot toppa seremonien med BlimE-dansen.

Svein Arne gleda seg stort over dagen! Foto: Geir Daasvatn

Ein feststemt og svært opplagt ordførar Svein Arne Haugen ynskte alle velkomen med nokre fine ord. Han var utruleg stolt av den nye skulen. Opp mot 75 millionar kroner har det svære byggeprosjektet kome på, alt i alt. Svein Arne har også vore leiar av plan- og byggekomitéen, etter at Bjørn A. Ropstad gjekk ut av kommunestyret. Han understreka at det var bare omtrent kvart 65 år kommunen kunne bygge ny skule. Den gamle var jo frå 1957. På dagens skule skal kanskje både barna og barnebarna til elevane i dag ha sin skulegang. Han formante difor alle til å stelle godt med den nye skulen, så han kunne vare lenge!

Men så var det klart for BlimE-dansen! Å sjå barn og ungdom ha det gøy, varmar alltid i hjarta. Å sjå praktisk talt alle elevane ved skulen sette i gang å danse, strålande av glede, var stort. Måtte dei behalde denne entusiasmen gjennom skuletida og inn i vaksen alder. Då går bygda vår ei strålande framtid i møte.

BlimE-dansen. Eit nydeleg syn! Foto: Geir Daasvatn

Leiar og nestleiar i elevrådet, Hamid Azami og Tine Birkeland, heldt kvar sin korte appell. Dei gjorde eit fenomenalt fint inntrykk. Underteikna kan ikkje hugse at me i vår generasjon våga å stå foran ei slik folkemengde, og langt mindre klare å tale så roleg og forstandig.

Annonse

Etter denne flotte, ja rørande innleiinga, var det endeleg tid for å klyppe snora, og erklære «Nye» Evje barneskule for offisielt opna.

Fortjent takk til Smeland Byggservice og dei som ellers har hatt ansvaret for byggeprosjektet

Etter at elevar og tilsette ved skulen var gått tilbake til klasseroma, heldt markeringa fram inne i den fantastisk fine inngangshallen – amfiet – som ligg som ein sentral i bygget rett bak hovudinngangen. Her kan me alle merke oss at inngangen er flytta til andre sida av bygget i forhold til den gamle skulen. Hovudinngangen er altså no på austsida, mot Evjehallen.

Ordføraren takka hovudentreprenør Smeland Byggservice hjarteleg for den framifrå jobben som er utført. Dagleg leiar Vidar Smeland virka mest litt brydd over rosen då han formelt overleverte bygget til byggherren Evje og Hornnes kommune. Han ville heller framheve byggeleiar Erik Smeland og prosjektleiar Morten Aasland, som hovudmennene bak byggeprosjektet hos Smeland Byggservice.

Morten Aasland (t.v.) og Erik Smeland i Smeland Byggservice hausta mange lovord for å ha stått for den praktiske leiinga av byggeprosjektet. Foto: Geir Daasvatn

Dagleg leiar Vidar Smeland i Smeland Byggservice. Foto: Geir Daasvatn

Vidar takka på vegne av Smeland Byggservice og underentreprenørane for jobben, og kvitterte for godorda frå kommunen med å gi prosjektor med høgtalarar i gåve til rektor Erlend Hunshamar. Det flotte amfiet får dermed fullt oppdatert datateknisk utstyr mykje før den takknemlege rektoren hadde drøymt om.

Plan- og byggekomitéen fekk også mange gode ord for jobben. Dei har følgd prosjektet tett, og hatt god kontroll på økonomien. Det er ei lita overskriding på om lag 7 % i byggekostnadane. Men innbakt i dette er også nokre nye ting som ikkje var med i dei opphavelege planane. Så overskridingane er i realiteten endå mindre enn dei 7 %. Godt jobba! var den eintydige konklusjonen.

Planløysinga

Erlend fekk prosjektoren sin, og draumen blei oppfylt! Foto: Geir Daasvatn

Me skal ikkje gå i detalj her om korleis skulen er bygd opp. Men veldig kort forklart har kvart klassetrinn fått sine eigne rom med eigen inngang utanfrå. Alle sju klassetrinn har såleis nå si eiga dør å gå inn. Barna kjem først inn i eit rom der dei kan ta av ytterkleda og sette frå seg skoa. Her er det også toalett for bare dette klassetrinnet. Vidare er det eit stort fellesrom for dei to klassane det er på kvart trinn ved skulen no. I 4. og 7. klasse er det kjøkken i dette fellesromet. Her er det også ein liten miniamfi. Innanfor her igjen ligg dei to klasseroma vegg i vegg. I den gamle delen av skulen er alt pussa opp. Her har lærarane fått romslege arbeidsrom.

  – Planløysinga er ikkje akkurat ei ny oppfinning. Men dei første teikningane frå arkitekten viste ein ganske tradisjonell skule. Me ønska noko anna her. Me ville gjerne ha mykje lys inn, store flater og andre praktiske løysingar. I heile planprosessen har både lærarar, elevar, andre tilsette, plan- og byggekomiteen og andre nøkkelpersonar vore tett involverte i arbeidet. Me synest sjølve me har fått til ein utruleg grei og praktisk skule nå, forklarte rektor Erlend Hunshamar før ham måtte haste vidare til dei mange arbeidsoppgåvene som nå ligg føre han og dei andre tilsette ved skulen.

Den nye skulen er eitt av dei største byggeprosjekta som er gjennomført i Evje og Hornnes kommune. Når me tenker på at den gamle skulen altså var bygd i 1957, var det på høg tid at elevane, lærarane og dei andre tilsette endeleg skulle få gode og moderne arbeidsforhold. Skulen er ein utruleg viktig institusjon i bygda, og borna er framtida. Me er visse på at nye romslege, moderne og lyse lokale, lagt til rette med alle moderne hjelpemidlar, vil gi endå meir giv og entusiasme inn i skulen og dei som har sitt dagege virke der. Ja, dette er ein stor dag for dei, men sanneleg også for oss alle!

Gratulerer med dagen og den nye skulen!

Plan- og byggekomiteen for Evje barneskule. F.v. Svein Arne Haugen, Alf Morten Tallaksen, Cindy Kjetså Stokkeland, Erlend Hunshamar, Gry Refsnes, Torgeir Hodne, Line Håberg Løvdal, Egil Kjebekk og Steinar Tjessem. Foto: Geir Daasvatn

 

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

Jubel og dans for ny barneskule!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Bildebøker fra Setesdal

Nå er tre av bildebøkene mine fra Setesdal å få kjøpt på Norli Evje, og den fjerde fra Bykle kommer i mai. Byglandsboka kan du

Gjekk fem-på i Bykle!

Eg skriv i innleiinga til bildebøkene mine frå Setesdal at eg i utgangspunktet ikkje visste noko særleg meir om dalen enn det eg såg når

Turforslag fra OpplevEvje

Den gamle Postvegen

Heilt sør i Evje og Hornnes, på Hodne, kan du gå eller sykle langs den gamle Postvegen frå 1840 i fleire kilometer, gjennom idyllisk og

Glova – Abusdal

Glova på Styggedal er en stor og spektakulær sprekk i berget, antakelig av tektonisk opphav, på Abusdalsheia sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Hornåsen

Hornåsen ligg bare nokre få minutt oppover i skogen frå dei nyaste husa i Hornåsen bustadfelt. Så det er ikkje nettopp ein langtur å gå

Skaret – Rosselandseika

Ein nydeleg tur nær Evje sentrum kan gå frå Evje stadion gjennom skyte- og øvingsfeltet til Rosselandseika og ruinane etter den for lengst fråflytta Skaret-garden

Mest lest siste 7 dager

Arrangementer

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X