Jol i Setesdal 2020 er i handelen!

Framsida, med biletet «Kvilesteinen», ein illustrasjon ved Mona Ida Håvorstad Frøysnes, er eit vakkert kunstverk i seg sjølv.

Så tek bladet til med ein fantastisk fin artikkel skrive av ambassadør Torbjørn D. Frøysnes:

– Då eg var liten køyrde vi buss til Hovden, far og eg. Berre oss to. Far køyrde. Heilt frå Byglandsfjord, opp til Hovden og ned att same dagen. Det var ein busstur som i eventyret. Åleine i Nr. 20, den grøne Chevroleten, modell 1946, med kromfornikla grill, treverk på dashbordet, 90 HK og toppfart 65 miles.

Det er ei nydeleg skildring av ein spesiell dag i ein ung gut sitt liv. Jenta hos Åni Torsson på Nomeland i Hylestad. Ei jente, sikkert tre år eldre.

– Så brun og fin at eg snåva i døra då eg skulle ut att med godteriet, skriv Torbjørn.

Korleis i all verda går det ann å hugse så godt?

Torbjørn under feiringa av 125-årsjubileet for Byglandsfjord hausten 2018. Foto: Geir Daasvatn

Vilborg Stubseid Hovet, Andres Helle og Gunnar Stubseid skriv om «Bonden og Kongen», om Gunnar Rysstad som sat på Stortinget i perioden 1903–1906. Utan at eg er nokon ekspert på historie, må dette då vere historieskriving av aller beste merke?

Rolf Kristian Pedersen var ein stor biljardspelar på Dølen Hotel på Evje i si tid. No bur han i Larvik, og skriv eit fint brev heim om oppveksten sin på Evje på 1970-talet.

Svein Inge Olsen fortel den underlege historia om «Den vise guten» i Bygland Tarjei Gunnarsson Kolshus (1845–1849).

– Til Arkivet – eller til Sverige

Foto: Geir Daasvatn

Andres Helle fortel om Grunde G. Rysstad og Hallvard A. Helle – far til Andres – som var sterkt involverte i motstandsrørsla i Setesdal under krigen og måtte flykte til Sverige. Begge to kom velberga dit – og heim att etter at freden var komen til Noreg. Men for Grunde var det tragisk å kome heim att til Rysstad. Brørne Bjørgulv og Sigurd var døde i konsentrasjonsleirar i Tyskland. Minnestøtta over dei står på kyrkjegarden ved Hylestad kyrkje (t.h.) , der dei kan «sjå» heim til Heimigard.

Eivind Sanden (1922–2011) var på tvangsarbeid ved Evje nikkelverk før jul i 1940. På det mest strabasiøse viset kom han seg heim til Bykle seint på natta Jolaften. Dottera Ellen-Marie tok opp samtalar med han på kassett før han døydde i 2011, og i Jol i Setesdal får me altså høyre kva han fortalde om jola for akkurat 80 år sidan.

Arne Aabø hadde mange av sine beste ungdomsår i Setesdal, som ung lærar og felespelar i Valle. Han minnast dette med stor glede.

Abraham N. Grimstvedt har skrive ein fin artikkel om støylslivet på Neiretjønn i Finndalen. Mykje av stykket er eit foredrag mor hans heldt om dette på eit Bondekvinnemøte i Nissedal.

Aanund Tveitå skriv godt om hendingar på støylen Skeie, oppe ved Gyvatn, i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Hornnes, i 1945.

Vakkert portrett av Tor Mosdøl

Olav Mosdøl har laga eit nydeleg portrett av byklaren Tor Mosdøl (f. 1943) og det livet han har levd i teneste for skulen, garden og blomane heime i Bykle.

Anne Margrete Bjåen skriv om jola 1978, jola ho aldri gløymer.

Frå Hornnes fortel Gunstein Uleberg Møllen om dei økonomiske tilhøva ved eit gardsbruk i Setesdal, på Uleberg i Hornnes, i 1920- og 1930-åra.

Me får høyre frå Anette Gilje om det spennande bok- og CD-prosjektet som Olav Mosdøl og Hege Bålsrød arbeider med: «Ingen kan tjore fugletrekket». Utgjevinga er planlagt til 5. mars 2021.

I tillegg til alle desse spennande, interessante og nokre gonger svært rørande artiklane, er det dikt av Oddbjørn Aardalen, Olav Mosdøl og Olav M. Holen. Det er «Deilig er jorden» i den nynorske teksten til Gunnar Rysstad, «Fager er jordi», mange flotte historiske bilete, teikningar av D. Rike, kryssord og til slutt alle annonsane som gjer det mogeleg økonomisk å få ut heftet.

Ja, dette er bare nokre stikkord henta frå Jol i Setesdal for 2020. Det er eit spesielt fint og innhaldsrikt hefte, som eg vil tru svært mange vil ha stor glede av å lese.

Det er mållaga i Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, ved skriftstyret, som er utgjevar av Jol i Setesdal.

Jol i Setesdal 2020 er i handelen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Langs Lindåna

Heilt sør i Evje og Hornnes renn Lindåna frå Skranevatn til Otra. Det er veldig fint å kombinere ein sykkeltur langs elva med ein innlagt

Hisdalsheii – Hornnes

Hisdalsheii er eit fjell (485 moh.) rett sør for Bjørndalsvatnet og vest for Kosvatn heilt vest i Evje og Hornnes. Hisdalsheii var ein av toppane

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome

Røyrtveit naturreservat

Røyrtveit naturreservat, også kalt «Den freda åsen» og «Urskogen», er et 49 dekar stort fredet barskogområde, en urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-øst i Evje

Årdalsknapen – Bygland

Det går ei populær, godt merka turløypa til Årdalsknapen, 762 moh., frå Neset Camping rett nord for Byglandsfjord. Første delen av løypa er bratt, og

Kjuklingheia – Høgås

Kjuklingheia er ein ås mellom søre enden av Lisle Stangevatn og Store Stangevatn, på heia rett aust for Høgås skianlegg mellom Flatebygd og Gautestad i Evje. Det er merka sommarløype til toppen frå Høgås skianlegg. Det

Mest lest siste 7 dager