Harald i verkstaden sin. Foto: Geir Daasvatn

Harald Stulien Robstad: Oppfinnaren på Syrtveit

Harald Stulien Robstad er ein ungdom med mange jern i ilden! Han er skuleelev, idrettsutøvar, munnharpesmed, oppfinnar og mykje meir. Eg har lenge hatt lyst til å treffe han for ein liten prat, om noko av alt det spennande han steller med. Onsdag kveld blei ønsket oppfylt. Då møtte eg han i den gjeve oppfinnarverkstaden han har i låven heime på Syrtveit.

Harald er altså skuleelev, 18 år gamal, og går tredje året på realfaglina på Setesdal vidaregåande skule på Hornnes. Det eg i mitt hovud framleis tenker på som Hornnes gymnas.

Idrettsutøvaren

Harald på terrengløp ved Evje stadion i 2020. Foto: Geir Daasvatn

Harald har vore ein ivrig idrettsgut i heile oppveksten. Han har drive med fleire forskjellige idrettar, og særleg langrenn og løping. Nå når han nærmar seg vaksen alder, er det løpinga han spissar seg inn mot. Her konsentrerer han seg om mellomdistanseløp, typisk frå 1 500 m til 5 000 m.  Han blei kretsmeister på 5 000 m seinast under KM på Fevik i sommar.

Eg har sjølv ein gong vore ein ganske aktiv fotballspelar, og kan framleis hugse kor mykje tid eg brukte på fotballbanen i barne- og ungdomstida. Så eg lurer litt på kor mykje han satsar på idretten sin.

– Eg har nok brukt å trene rundt 20–21 timar kvar veke dei siste åra, smiler Harald når eg spør. Nå som eg rettar meg meir inn mot mellomdistanseløping spesielt, prøver eg å springe rundt 100 km i veka.

Du som kanskje driv med idrett sjølv, skjøner at dette er store treningsmengder. Ja, eg vil seie at Harald då trener like mykje som ein toppidrettsutøvar på nasjonalt nivå. Imponerande! Men så slektar han då også på eit verkeleg løparess, bestefar Odd Harald, som har sprunge i terrengløypa og på friidrettsbanen i heile sitt liv.

Ski om vinteren, friidrett om sommaren

– Om vinteren trener eg mykje på ski, fortset Harald. Langrenn er veldig fint å kombinere med løpinga. Dei mange mila på ski er med på å legge eit godt, fysisk grunnlag for løpesesongen  i sommarhalvåret. Skigåinga gir også veldig grei variasjon i treninga gjennom året, og gjer at eg lettare held motivasjonen for hardtreninga oppe gjennom heile året.

Mesteparten av all denne løpetreninga utfører Harald aleine, fortel han. Så er han også med på dei faste fellestreningane til skigruppa i Otra IL.

Friidrettssesongen er stort sett slutt for i år. Det største målet for Harald i 2023, er UM i friidrett. Der har han ikkje delteke før. Det blir veldig spennande å sjå kva han kan prestere i løp mot dei aller beste 19-åringane i Norge.

Oppfinnaren

Harald har snekra seg ein grei «kontorstol». Dette er verkeleg godstolen, der han gjerne set seg til når han vil slappe av. Eller klekke ut nye påfunn. Stolen kan lett vippast bakover, og bli til ein sofa. Han står på hjul, slik at han kan trillast ut på låvebrua når det er fint i sola der. I tillegg er alle dei små delane i ryggstøet lause, så ryggen formar seg etter kroppen. Ein ekte ortopedisk kontor- og sansefluktstol! Foto: Geir Daasvatn

Me skulle tru at skulegang og trening mange timar i veka «brukte opp» det meste av tida for Harald. Men det er langtfrå slik! Heilt sidan han var liten har han hatt ein boblande fantasi – frå mamma Inger Lise i følge pappa Olav – og sett saman alle slags fantasifulle innretningar som i alle fall eg med min meir «firkanta» hjerne aldri ville hatt sjansen til å kome på i det heile tatt.

Reodor Felgen-kjensle

Når Harald tek meg med på ei lita omvising i verkstaden sin ute i den gamle låven på Syrtveit, må eg bare gi meg ende over. Ja, å kalle det «verkstaden» er eigentleg ei veldig underdriving. For her er fleire avdelingar med all slags utstyr. Det er ei «treavdeling», der Harald dreier og former treet slik han vil ha det. Det er også ei «stålavdeling», der han arbeider med aluminium, sveising og smiing. I begge avdelingane har han skaffa seg det meste av det utstyret og verktøyet som trengst for å få til det han ønsker.

Eg lurer veldig på korleis han har fått tak i alt dette gjeve utstyret. Det må jo ha kosta ein formue!

Harald bare ler:

– Eg følger nøye med på FINN.no, og gjer gode handlar på brukt utstyr og verktøy der. Eg lagar også mykje av verktøyet sjølv, eller modifiserer og tilpassar noko eg har kjøpt for ein billig penge. Det hender også at eg får litt hjelp og økonomisk støtte frå andre. Til dømes har Tim på TrollAktiv hjelpt meg med noko utstyr.

Har ideane i hovudet

Det vil føre alt for langt her, å gå i detalj om alt det spennande Harald lagar i verkstaden sin. Men nokre døme kan vere tresykkel, jaktsko med stålfjører, el-syklar, musefeller med nugattismak, bord og stolar, treningsapparat, terrengskateboard og mykje, mykje meir. I tillegg til alt han lagar av gjenstandar, av alle slag, driv han også å garvar skinn. Han har dessutan si eiga vesle smie. Der har han begynt å smi munnharper. Det kjem eg tilbake til om litt. Ja, så uendeleg mykje spennande er det å sjå i den låven, at eg har avtalt med Harald at eg skal kome tilbake og ta bilde til ein eigen liten reportasje om alle oppfinningane. Det var rett og slett såpass overveldane, at eg som ikkje har verdas beste tekniske innsikt gjekk litt i ball.

Eg skjøner ikkje heilt korleis alle desse ideane som tydelegvis boblar i den hyperaktive hjernen til Harald til eikvar tid, kjem frå hovudet og ut i praktisk handling. Så eg spør han om han skriv ned stikkord når tankane svirrar, eller om han lager skisser og teikningar av det han ser for seg i hovudet.

Men neidå:

– Ideane kjem som oftast til meg når eg er ute og spring. Når dei først har dukka opp, forsvinn dei ikkje så lett. Då har eg dei i hovudet til eg går ut i verkstaden og begynner å omforme tankane til ein gjenstand eller kva det nå er det gjeld. Skisser brukar eg helst bare når det er tale om avtalte oppdrag, der bestillaren har eit spesielt behov eller sitt eige ønske om utforming. Det er ikkje så mange oppdrag eg har hatt, men eg har til dømes laga gitarstativ.

Sjølvlært, men med gode støttespelarar

Det er ein veldig kunnskap Harald har opparbeidd seg, både innan trefaget og når det kjem til arbeid med stål. Eg er forundra over dette – guten er trass alt bare 18 år.

– For det meste er eg sjølvlært, smiler Harald. Eg les litt i lærebøker innan trefaget og industrifag, og liknande spennande bøker. Eg har hatt sommarjobbar hos Kallhovd Sveis på Byglandsfjord og på Hamran Snekkerverksted i Hægebostad. På dei stadane er dei enormt flinke, og eg har lært veldig mykje.

Harald er ein ganske lågmælt gut. Men på det han seier med få ord, skjøner eg  at han har fått enormt mykje hjelp og lærdom frå naboen og alt-mogeleg-mannen John Arvid Klepsland. Og – ikkje minst – bestefar Odd Harald. Der Harald kanskje er litt forsiktig med orda, fortel mamma Inger Lise at dei to har vore som eit radarpar og bestekompisar gjennom heile oppveksten til Harald.

Nå går sola snart ned bak åsane borte på Moseid i vest, på andre sida av Otra. Men før eg gir meg ut på heimvegen, blir eg med Harald ned i smia hans i det tidlegare fjoset i låven.

Munnharpesmeden

Harald i gang med ei ny munnharpe i smia si. Foto: Geir Daasvatn

Harald var for ikkje lenge sidan ein tur til Bjarne Rysstad i Valle, og fekk opplæring i å smi munnharpe. I løpet av 8–9 timar fekk han og Emil Orthe frå Åseral ei grundig innføring i faget, og fekk også lage sine første munnharper. Setesdølen laga ein flott reportasje etter det besøket. 

Denne interessa vil Harald prøve å utvikle vidare. Han har fått i stand si eiga lille smie, i «stålavdelinga» i gamlefjoset. Her øvar han seg nå jamnt og trutt på den vanskelege kunsten det er å lage ei god munnharpe.

–  Eg har alt begynt å få ein del bestillingar, kanskje 7–8 stk. Men eg vil vente litt med salet, forklarar Harald. Eg tenker at eg treng noko meir trening og erfaring før eg gir frå meg mine eigne munnharper. Eg vil halde fram å øve ei god tid til, og sjå om eg kan utvikle min eigen stil og kanskje få til min eigen lyd i harpene. Det er komplisert å smi ei perfekt munnharpe, og særleg bladet stiller store krav til nøyaktigheit. Her kan det bli mykje finpussing før eg er fornøgd med resultatet!

Skal bu og leve på Syrtveit!

Harald fortel at han er glad i både jakt og fiske. Eitt år konstruerte han si eiga felle, og fanga heile seks grevlingar! Han likar seg i skogen, og i å vere oppe i heia. I eit skåp i verkstaden har han fleire fiskeslukar enn eg rekk å telle. Dei har han kjøpt eller fått. Men han lagar også sine eigne slukar og fiskereidskap, om det høver seg slik.

– Eg må ut av bygda for å få meg ei utdanning. Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva slags, men kanskje eg skal satse på å bli maskiningeniør. Det som er heilt sikkert, er at eg må ha ein jobb som gjer at eg kan bu heime. For det er her på Syrtveit eg vil vere!

Lykke til på livsvegen

Etter ein fin prat med foreldra til Harald, Inger Lise og Olav, køyrer eg veldig oppløfta heimover. Det er utruleg moro med engasjerte og positive ungdomar.

Først og framst ønsker eg Harald lykke til med alt han steller med i dag, og på livsvegen vidare. Det er ei litt uroleg og vanskeleg tid i Norge og verda i dag. Eg vonar det er ei krise som går over om ikkje alt for lenge, slik at Harald og alle andre ungdomar får eit trygt og godt liv framover. Så er det sjølvsagt ekstra stas for meg som ein litt overivrig «bygdeentusiast», at Harald er så klinkande klar på at han vil kome tilbake til heimbygda si når tida er inne. Både her i Evje og Hornnes, og endå meir i resten av Setesdal, er me heilt avhengige av at nokre unge menneske ønsker og ser at det er mogeleg å leve liva sine her. Alle kan eller vil sjølvsagt ikkje det, av mange ulike grunnar. Det må vere opp til kvar og ein av oss å finne ut sjølv. Det har eg all respekt for. Men nokon må bli verande, eller kome tilbake om dei har drege ut for å skaffe seg ei utdanning, og vere med på å skape den «nye» framtida.

Takk for praten, Harald, og lykke til vidare i livet!

Det trengs litt verktøy for å sette alle ideane ut i livet! Foto: Geir Daasvatn

 

 

 

Del "Harald Stulien Robstad: Oppfinnaren på Syrtveit"