Frisk opp julehandelen!

Av Geir Daasvatn

Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen 31. oktober oppfordrar oss på Evje til å friske opp julehandelen litt. Det er ei fin og nyttig påminning om at me sjølve må stå på, kvar og ein, for å skape den rette julestemninga rundt oss. Me kan ikkje vente at alle andre skal jobbe livet av seg og ordne alt.

Underteikna er så heldig å få lov til å vere sambuar med Rita Flottorp. Nå vil me to prøve å gi vårt lille bidrag til liv i sentrum i tida fram mot jul. Me vil leige oss ei av dei åtte buene som Evje Handel og Serviceforening har kjøpt inn til bruk på Torget, og stå der og selge eigenproduserte saker og ting.

Gøy med julestemning i sentrum! Dette er frå opninga av julegata i 2018. Foto: Geir Daasvatn

Rita er ein ekte kunstnar, og vil selge vakre små handleposar til julegåvene og mykje anna fint ho lager sjølv. Eg – altså Geir – vil ta med nokre av bileta mine og vise dei fram. Kanske eg kan rigge til eit lite fotoopplegg, for dei som har lyst til å ta eit nissebilete også?? Eller om me kan lokke Evje Kameraklubb med til det? Me kan hjelpe til med å halde fyr i bålpanna, og kanske servere litt kaffi dei dagane me er til stades. Kanske me kan få tak i eit vaffeljern. Så håpar me at andre også kunne ha lyst til å leige seg ei lita bu og syne fram sine ting, og hjelpe til med å halde fyren oppe. Om det bare er ein dag eller to, kan det bli mykje om fleire gjer ein liten innsats. Det er så gøy å få til ting i lag.

Ei av buene som var i bruk i jula 2017. Foto: Geir Daasvatn

Handelsforeninga vil nok snart kome ut med informasjon om leigeprisar for buene, og ikkje minst kor me kan henvende oss for å bestille plass. Det skal sjølvsagt litt til for å fylle opp åtte buer alle dagane i desember til julaften. Men om me var ein del folk der mange av dagane, kunne me heilt sikkert bli eit fint tilskot til julestemninga i Evje sentrum i år.

Er DU med?

Frisk opp julehandelen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Evje natursti

Evje natursti starter ved Oddeskogen barnehage, og går på fin sti gjennom stille skogsterreng lett oppover til Odde gård. Det er grei parkeringsplass der løypa

Røyrtveit naturreservat

Røyrtveit naturreservat, også kalt «Den freda åsen» og «Urskogen», er et 49 dekar stort fredet barskogområde, en urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-øst i Evje

Årdalsknapen – Bygland

Det går ei populær, godt merka turløypa til Årdalsknapen, 762 moh., frå Neset Camping rett nord for Byglandsfjord. Første delen av løypa er bratt, og

Svaba – Uleberg

Svaba (621 m.o.h.) er ein særmerkt avrunda fjelltopp ovafor Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Fjellet er eit fint turmål, der du frå toppen kan sjå

Rygnestadtunet – Valle

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige

Trollfoss – Vegusdal

Trollfoss i Hovlandsåna forbi Flateland i Vegusdal er ein svær foss på ein litt mystisk plass. Det er ingen lang tur. Men om du er

Mest lest siste 7 dager