Frå Hisvatnet til Trollfoss

Frå Hisvatnet på heia nord for Gautestad renn ei lita elv ned til Høvringsvatnet. Derfrå renn ei litt større elv til Vikstølvatnet. Fra det vatnet renn endå ei elv bratt ned til Lislevatnet i Hovlandsdalen. Hovlandsåna renn austover til Vågsdalsfjorden. Vatnet renn vidare gjennom Skjeggedals- og Uldalsvassdraget til Herefossfjorden. Tovdalselva syter for at vatnet kjem heilt fram til Topdalsfjorden og havet. Me skal ikkje ta heile denne lange turen i eitt strekk. Det ville bli i tyngste laget. Me kan også i denne vesle artikkelen bare syne små glimt av alt det spennande som er å sjå langs vassdraget. Så her kan du bli med på ei lita reise i den øvste delen, frå Hisvatnet til Trollfoss på Flateland i Vegusdal. Me håpar glimta kan freiste deg til sjølv å gjere deg betre kjent langs vassdraget. Det er balsam for kropp og sjel!

Før me legg avgarde, vil me nemne at dei fleste opplysningane kjem frå Setesdalswiki. Denne lokale wikien er full av spennande informasjon om heimkommunen vår og Setesdal, i stikkords form. Klikk på nokre av lenkene i stykket her, så skjønar du fort kva me meiner. Om du vil gå djupare inn i sakene, har Setesdalswiki tilvising til mange av dei mest aktuelle kjeldene. 

Turen tek til i Bygland

Hisvatnet er eit lite vatn heilt sør i Bygland, eit par kilometer nord for HøvringsvatnGautestad i Evje og Hornnes. Ut av Hisvatnet og sørover til Høvringsvatn renn Hisåna.

Hisvatnet i Bygland ein septemberdag i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Hisåna renn altså frå Hisvatnet i Bygland til HøvringsvatnGautestad. Eit par hundre meter ned for osen av Hisvatn kan ein enno sjå fangarmar som må ha vore i bruk for fiske med teine i Hisåna i eldre tider. Ned mot Høvringsvatn renn elva gjennom Geiruvstjønn og rett etter utfor Kvernhusfossen.

Kvernhusfossen ligg rett etter Geiruvstjønn og straks før Hisåna renn ut i Høvringsvatnet.

Kvernhusfossen 13. september 2014. Foto: Geir Daasvatn

Høvringsvatn – Gautestad

Høvringsvatn er som mange veit eit svært  vatn på Gautestad. Det ligg 481 moh, og har ei overflate på 3,89 km². Rundt vatnet er det 20,92 km. Vatnet er regulert, med ei reguleringshøgde på 8 meter. Største lengda på vatnet er fem kilometer og største breidde er to kilometer. Vatnet ligg om lag ei mil nordaust for Evje og om lag seks kilometer søraust for Byglandsfjord.

Høvringsvatnet ein fin sommarkveld er rein magi. Foto: Geir Daasvatn

Klepslandsåna renn ut frå Høvringsvatnet. Elva renn forbi gardane Raudstøl og Klepsland, og ut i Prestøygardsvatnet, Storøygardsvatnet og Vikstølvatnet. Ovafor vatnet Rassevæte blir ho kalla Lauvåsåna.

Om du av ein eller annan grunn ikke finn magien oppe ved Høvringsvatnet, kan du flytte deg nedover til Rassevæte og Klepslandsåna ei måneskinnsnatt. Då vonar me at du lykkast! Foto: Geir Daasvatn

Vikstøl

Vikstølvatnet ligg inne mellom heiene aust i Evje i Evje og Hornnes. Det er 1,4 km² stort. Ut av vatnet renn Håtveitåna ned i Lislevatnet og vidare austover i Vegusdal til Tovdalselva.

Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefossen kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt løyve til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i Håtveitåna rett nedanfor Håtveitfossen i sørenden av Vikstølvatnet.

Vikstølvatnet i nedtappa tilstand var ikkje alltid eit veldig vakkert syn. Men 17. mai 2018 var vatnet mest fullt, og å oppleve solnedgangen der oppe var nasjonaldagen verdig. Foto: Geir Daasvatn

I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes. Lislevatn kraftverk nyttar Vikstølvatnet som inntaksmagasin. Tiltaket vil venteleg innebere at vatnet jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under dette.

Håtveitåna renn altså ut av Vikstølvatnet og ned i Lislevatnet.

Når det er litt vatn i Håtveitfossen, rett etter at Håtveitåna har runne ut av Vikstølvatnet, er fossen eit nydeleg syn. Foto: Geir Daasvatn

Vegusdal

Hovlandsåna (Skåråna, Flatelandsåna) renn ut frå Lislevatnet i Evje og Hornnes og austover gjennom Hovlandsdalen, forbi Vegusdal i Birkenes og ut i Vågsdalsfjorden. Store delar av strekninga er temmeleg flatt terreng.

Hovlandsåna ved utlaupet frå Lislevatnet. Foto: Geir Daasvatn

Men ved Flateland i Vegusdal renn elva gjennom eit veldig gjuv. Her er ein svær foss; Trollfoss. Vassdraget oppstraums for Hovlandsåna er som me har vore inne på før regulert (Høvringsvatn og Vikstølvatnet), og vassføringa i elva er store delar av året lita.

Trollfoss er både vakker og mektig! Foto: Geir Daasvatn

Hovlandsåna høyrer til Uldalsvassdraget, som igjen er ei tilførselsgrein til det større Tovdalsvassdraget.

Olje- og energidepartementet har (2013) gjeve løyve til Vegusdal kraftverk AS til å overføre vatn frå Hovlandsåna til Kjetevatn, og bygging av Flateland kraftverk. Vassføringa mellom Myklebostad i Hovlandsdalen og Flateland vil då i tilfelle utbygging bli endå meir redusert.

God tur!

Fleire av stadane langs «løypa», til dømes mellom Vikstølvatnet og Håtveit, er det fine stigar å gå på. Andre stadar må du gå gjennom skogen og finne vegen sjølv. Men når underteikna, som er nesten stokk stiv og utan synderleg retningssans, kan finne fram, kan du også lett klare det. Det er bare å gå inn på Norgeskart.no, og zoome deg inn på området du har peika deg ut for eit framstøyt. Me ynskjer deg mange fine turar i dette fantastiske landskapet. Indre Agder er slettes ikkje kjedeleg!

 

Frå Hisvatnet til Trollfoss

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Kjetevatn – Vegusdal

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og

Juvvannsvegen – Skranevatn

På heia på veg mot Abusland i Hornnes kan du ta ein fin sykkeltur på Juvvannsvegen til idylliske Skranevatn. Langs vegen ligg den vakkert restaurerte

Huldreheimen i Bykle

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre

Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome

Postvegen Håland – Kleveland

Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840. Vegen

Mest lest siste 7 dager