Byggfag ved Setesdal vgs. avdeling Hornnes. Foto: Geir Daasvatn

Flotte og innsatsvillige ungdomar søker praksisplassar innan byggfag og TIP!

Elevane på bygg- og anleggsteknikk (byggfag) og på teknisk industri og produksjon (TIP) ved Setesdal vidaregåande skule på Hornnes skal etter jul ut i praksis, frå januar til april. To dagar i veka skal dei få kjenne på yrkeslivet. Dette er arbeidstakarar for framtida, og ungdomar med pågangsmot som kanskje vil busette seg i indre Agder etter at utdanninga er ferdig. Vi håpar alle potensielle arbeidsgivarar vil ta godt imot dei, når dei snart kjem for å forhøyre seg om ein plass der dei kan få testa ut arbeidslivet litt.

Det var i forrige veke vi var så heldige å bli invitert til eit aldri så lite treff med ungdomane på byggfag ved skulen, og læraren deira Frode Bjørnestad. Stein Godtfredsen er lærar på TIP, men hadde ikkje tid til å stikke bortom Smeland-bygget til byggfag-gjengen akkurat den ettermiddagen vi var innom.

Det er meir enn 40 år sidan vi gjekk på gymnaset på Hornnes, og mykje har endra seg. Men Frode synte seg å vere ein glitrande pedagog, og forklarte greitt om dagens undervisningsopplegg. Nå var det altså praksisplassar til elevane han gjerne ville slå eit slag for.

Frode hadde eit veldig godt lag med ungdomane. Her i fagleg prat med Marius D. Hamre og Emil Smedstuen (med ryggen til). Foto: Geir Daasvatn

– Formålet med ein praksisplass er at eleven skal få testa seg ut litt. Det er mange ulike fag eller retningar å velge mellom. Kanske kan han eller ho få ein liten peikepinn på om valet av retning kan vere det rette, eller om det kanskje absolutt ikkje blei slik som tenkt i første omgang. Om det skulle syne seg at førstevalet ikkje passar, er det fullt mogeleg å bytte praksisplass, understreka han.

Frode kom til Hornnes som lærar så seint som nå i haust. Tidlegare har han arbeidd som tømrar i Kristiansand. Men han er busett i Vennesla. Det blei veldig tydeleg for oss under dette besøket at han verkeleg brenn for å vere ein støttespelar for ungdomane.

– Ein potensiell arbeidsgivar må hugse at det å ha ein ungdom i praksis ikkje bare er ei belastning eller til bry. Dette er innsatsvillige og flinke ungdomar, som også kan vere til god nytte og glede i verksemda. Det er ein veldig grei klasse eg har vore så heldig å få overta i haust. Det er ein gjeng med flotte ungdomar, understreka han entusiastisk.

Handverksfag i vinden!

Frode har lang erfaring frå tømraryrket, og meinte bestemt at handverksfaga er i vinden.

– Å satse på eitt av handverksfaga er ein flott veg å gå i dag. Sentrale styresmakter har dette som eit satsingsområde. Det er også ei veldig spennande utviklng innan bruk av tre i bygg og anlegg. Ikkje minst blir miljøomsyn meir og meir sentrale på alle samfunnsområde, og elevane må sjølvsagt lære meir om det.

Det var lett å skjøne etter kvart som praten gjekk, at Frode er ein dedikert fagmann.

– Eg meiner eg sjølv har ein høg yrkesstoltheit. Denne stoltheiten vil eg gjere mitt beste for å føre vidare til elevane eg har ansvaret for.

Ungdomane vi besøkte er i sitt første år på byggfag.

– Nå i starten er det mykje fokus på verktøybruk, det å bli vant til å arbeide systematisk og sjølvsagt HMS, fortalde Frode.

Sjølv om det var seint på dagen, var konsentrasjonen bortimot på topp! Ommund Fidje styrer drillen. Foto: Geir Daasvatn

Tilbake til praksisplassane

– Det er elevane som har ansvaret for å skaffe seg praksisplass hos bedriftane, understreka Frode. Det gir dei ei god trening i å begynne å klare seg sjølv i livet.

Han hadde også ei innstendig bøn til mogelege arbeidsgivarar:

– Eg håpar alle dei potensielle arbeidsgivarane der ute vil ta seg tid til ein liten prat med ungdomane. Alle kan sjølvsagt ikkje ta imot ungdomar i ein praksisplass. Men om kvar og ein uansett tek seg tid til ein samtale, og kanskje nokre gode råd, betyr det uansett mykje for ein ungdom. Ja, å bli tatt godt imot gjer noko med oss alle. På det viset kan alle, både dei som finn plass for ein praksisplass og dei som ikkje tykkjer dei kan finne rom for det, bidra til ei positiv oppleving og utvikling for ungdomen!

Sondre Hodne hadde ein fenomenal teknikk på fuging av fliser! Foto: Geir Daasvatn

– Yrkesfag er bra!

Det var bare nokre korte stikkord vi klarte å få ned på blokka, medan Frode full av pågangsmot la ut om den spennande lærarjobben han har og alle dei gode ungdomane han får jobbe med. Han gjentok fleire gonger at han gjerne vil freiste å innprente ein god arbeidsmoral i elevane sine.  Han prøver rett og slett å inspirere dei – med eit veldig pågangsmot – til å skjøne at «Yrkesfag er bra!» Han synte i den samanheng til at regjeringa i fleire år har styrka satsinga på yrkesfaga, gjennom det såkalla «yrkesfagløftet». Så det å vere handverkar eller fagarbeidar er noko ein verkeleg kan vere stolt av i dag.

«Hushjørnemodular»

Det stemmer på millimeteren! Rekar Kheder med tommel opp og Åsmund Kile med røntgenblikk bak. Foto: Geir Daasvatn

Den dagen vi var innom i Smeland-bygget jobba ungdomane med det Frode kalla «hushjørnemodular». Det var små utsnitt av eit hus, altså forskjellige typar rom og løysingar, elevane fekk prøve seg på. Nokon la fliser i eit bad, mens andre prøvde å snikre vindauge. Det var verkeleg gøy å sjå iveren dei la i arbeidet. Endå det nærma seg slutten av dagen, var konsentrasjonen og pågangsmotet framleis i ganske god behald!

Takk for det trivelege besøket, og lykke til med å finne praksisplassar!

Klikk på bilda for forstørring

 

 

 

Del "Flotte og innsatsvillige ungdomar søker praksisplassar innan byggfag og TIP!"