Endeleg til Bjørnestøl!

I helga fekk eg endeleg sett den fråflytta garden Bjørnestøl i Hornnes. Garden ligg ved Heietjønn, på heia vest for Gåseflå og Matkroni, ikkje langt frå grensa mot Åseral. Han er mykje blitt kalla «Heia».

Eg har ein hobby med å skrive på nettleksikonet Setesdalswiki. Ein av kategoriane der er «Gardar i Evje og Hornnes«. Det er då tale om alle matrikkelgardar med eige gardsnummer.  Det er 37 slike i Hornnes, 36 i Evje og 5 nye etter at delar av Hovlandsdalen blei overført til Evje og Hornnes frå Birkenes frå 1. januar 2019. Alt i alt er det nå altså 78 matrikkelgardar i kommunen. Merk at dette ikke er dei einskilde gardsbruka; der det jo er mange fleire.

Setesdalswiki er eit leksikon, og dei fleste artiklane er korte med bare nokre få stikkord. Men det er gøy å få inn eit bilete i kvar artikkel. Eg har nå vore på alle desse 78 stadane, og fått teke eit bilete mest alle plassane óg. Eg trur kanskje det bare er Sletten i Evje eg ikkje har minst eitt bilete frå. Kanskje det kan bli i løpet av sommaren.

Bjørnestøl

Bjørnestøl 3. mai 2020. Etter det eg kan sjå på kartet, skal dette vere det delvis nedrasa våningshuset på bnr. 5. Nøyaktig når tid gardsbruka her blei fråflytta veit eg ikkje. Men i 1969, då gards- og ættesoga for Hornnes kom, var dei iallefall nedlagte. Foto: Geir Daasvatn

Bjørnestøl har eg høyrt og lese litt om ved ulike høve. I gards- og ættesoga for Hornnes er det ein del opplysningar. Evje og Hornnes sogelag har hatt tur inn dit, og det står litt om det i boka dei har gjeve ut om turane med Oddmund Mogstad. Men turen dit var lenge før eg byrja å interessere meg for fotografering og lokalhistorie. Så kom Alf Georg Kjetså ut med dei to framifrå bøkene sine om heimbygda Hornnes. Der står det litt meir om Bjørnestøl. Ikkje minst er det mange bileta av folk som budde der, og etterkomarane deira. Det er ikkje så få menneske i Evje og Hornnes i dag som slektar frå Bjørnestøl.

Eg kan ikkje bidra til å opplyse soga om Bjørnestøl noko meir. Eg har bare dei vesle kunnskapane som eg har lese meg til  i dei ulike kjeldene. Men eg fekk som nemnt endeleg teke meg på tak, og gått inn til Bjørnestøl førre dagen. Det er kanskje mange i bygda som har det som meg; at de ikkje har vore på denne spesielle staden? Så då kan mitt lille bidrag til å ta vare på minnet om Bjørnestøl kanskje vere desse bilete derfrå?

Det er steingjerde og andre steinsettingar mange stadar rundt omkring i garden. Det må ha vore eit veldig slit å livberge seg her inne på heia. Foto: Geir Daasvatn

 

Endeleg til Bjørnestøl!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Rygnestad og Flateland

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området

Evje Mineralsti

Evje Mineralsti er et eldorado for de steingale! Evje og Hornnes, sammen med nabokommunen i sør Iveland, er «verdensberømt» for sin mineralrikdom. I Evje Mineralsti

Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går

Rygnestad turløype

Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min.

Kvietjønnvegen

Kvietjønnvegen er ein skogsbilveg i Hornnes. Det er ein kjempefin sykkeltur i idyllisk skogsterreng. Vegen går inn ved Faret og Valhall, vestover og oppover i

Mest lest siste 7 dager