Endeleg herretrim: No parkerer han både vernebuksa og motorsaga!

Inn i varmen med Svein Salve Lislevand! Foto: Øystein Moi
I kveld, onsdag 13. oktober kl 19:00, er det klart for den årvisse «Herretrimmen» i fleirbrukshallen på Evje skule.

Av Øystein Moi

Den høgt profilerte tømmerhoggaren, Svein Salve Lislevand, he lagt verneutstyret på hylla og  funne fram både joggesko og stuttebukse. Lislevand er tildelt rolla som innpiskar på Herretrimmen  – medan den alderstrygda lensmannsdrengen Harald Kleggetveit held fram som fysisk trenar.

Lite he endra seg sidan oppstarten for meir enn 50 år sidan. Her talar me ikkje om knallhard intervalltrening og høg puls. Det er meir tale om enkel gymnastikk med tilhøyrande kvasse kommentarar og gode historier. Ingen teikn til korkje utstyrspress eller kroppshysteri.

Me ynskjer atletar i alle aldre velkomen på Herretrimmen i kveld. Det einaste du må take med deg er godt humør, stuttebukser – og 30 kr i lommepenger.

Endeleg herretrim: No parkerer han både vernebuksa og motorsaga!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Reiårsfossen gamle bru

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen

Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek

Postvegen Uppstad – Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn

Landeeika i Grendi

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for

Mest lest siste 7 dager