Ei vakker lita handling!

Evjerampen spelte onsdag ettermiddag for bebuarane på Evjeheimen. På grunn av koronasituasjonen måtte konserten vere utandørs. Det var først og framst fantastisk gøy, men samstundes ei vakker handling.

Å sjå ei verd i eit sandkorn
og ein himmel i ein vill blomst,
halde det uendelege i handa
og det evige i ein time.

Slik som i det nydelege diktet til William Blake kjente eg det då Evjerampen heldt ein minikonsert for bebuarane ved Evjeheimen onsdag ettermiddag.

Saka fortset under biletet

Dei ser ikkje så veldig rampete ut lenger! F.v. Borge Tørå, Nils-Kjell Daasvand, Finn Bakkevold og Arnstein Hafver. Foto: Geir Daasvatn

Tiltaket kom i stand etter initiativ frå Anne-Marie Birkeland i Evje og Hornnes Frivilligsentral. Ei daglegdags, lita hending på ein måte. Ikkje noko å lage eit nummer ut av. Men tenk så mykje dette vesle musikkinnslaget kanskje betydde for bebuarane som fekk kome ut i sola og den nydelege vårlufta, og høyre fin musikk 💝

«Den største gleda er å gjere andre glad», heiter det i ordtaket. Eg håpar Arnstein, Finn, Nils-Kjell og Borge kjente det slik då dei pakka utstyret tilbake i bagasjerommet og køyrde avgarde

Klikk på bileta for forstørring

Ei vakker lita handling!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Steinsfjell

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål! Skrive av Geir Daasvatn I vesthallet av fjellet,

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går

Runebergmoen – Senum

Runebergmoen er eit stille skogsområde på Senum heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Her kan du i fred og ro vandre rundt på mjuke gamle

Flåstrondi – Postvegen

Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Skrive av Geir Daasvatn Vegmiljø Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Skrive av

Mest lest siste 7 dager