Din lokale bonde – sjølvbetjening i Krossen!

I ei sjølvbetjent lita bu i Alfred Skaiås veg i Krossen har Anita Klausen på Lundemo Gård i sommar starta opp tenesta «Din lokale bonde», med utsal av varer frå lokale bønder.

Anita har starta opp bua med siktemål å støtte den lokale bonden.

Opplegget er at du sjølv finn dei varene du vil kjøpe, og deretter vippsar beløpet du skal betale til produsenten. Eller, sagt med litt andre ord, bonden bak produktet.

Saka held fram under biletet

Noko av det allsidige vareutvalet. Foto: Geir Daasvatn

Me kikka bare kort innom ein svipptur laurdag formiddag for moro skyld. Så ei heilt presis opprekning av kva for varer du kan få kjøpt her skal me ikkje gje oss ut på. Men mellom dei produsentane me såg i forbifarten var:

  • Høgetveit Gård (moreller, morellsirup, bringebær)
  •  Lundemo Gård (egg, høy til kaniner/marsvin, agurkar, svinekjøt)I
  • Bjørgum Gard (chilisaus, salsa m.v.)
  • Uppistog Gard (ost, youghurt og kjøt frå geiter)
  • Skråstad Gårdsutsalg (saft, syltetøy)
  • Birøktarane Knut Å. Moseid, Kjartan Nicolaysen og Håkon B. Uleberg (honning)
  • Eva Uppstad (heimelaga såpe)
  • Inge Klepsland (kjøt frå villsau)
  • Alfred Ragnvald Moseid (honning)
  • Silverlys/Mandal Lysstøperi
  • Heimdal Chocolade, Arendal
  • Stauslandstunet Gård (eplemost m.v.)
  • Tobias smått og godt (sjokolade cookies)
  • Katrines kransekaker
  • Turids strikkeri (tova votter)
  • Setesdal lefser og braud
  • Koneriet (granola, is, heimelaga sjokolade, salt karamell, surdeigsbrød)
  • Randis raggsokker
  • Trolldalen Gård (fenalår og pinnekjøt)
  • Stein Fossan (skotsk høylandsfe/kjøt)

Å støtte den lokale bonden er ei god sak i seg sjølv. Men her trengst såvisst ikkje noko slikt bakanforliggande motiv. Det er flotte, spennande og nyttige varer som er å finne i bua, som vi godt kan kjøpe i vår eiga interesse. Ta ein tur og sjekk ut sjølv!

Facebooksida Din lokale bonde

 

 

Din lokale bonde – sjølvbetjening i Krossen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Jernbanebruene på Moisund

Då Setesdalsbanen kom fram til Moi i Hornnes i 1895, måtte det byggast to små bruer over Storebekk ved Moikilen og Hannåsbekken ved Hannåskilen. Skrive

Steinsfjell

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål! Skrive av Geir Daasvatn I vesthallet av fjellet,

Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek

Myglefossen – Kosåna

Myglefossen er ein foss i Kosåna, mellom Øyvatnet og Myglevatn, på Abusland på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes.  Du kan lett kome til Myglefossen, og få ei

Kjetevatn – Vegusdal

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og

Mest lest siste 7 dager