Dikt: «Ein mann med målet framfor seg og alle skoringar bak seg»

Lesarinnlegg, av Geir Daasvatn

Knut Olav Daasvatn kjem ut med diktboka «Alle sorger, alle gleder» før jul. Han har skrive dikta gjennom fleire år. Mange av dei er lauseleg knytta til heimbygda Hornnes og dei næraste områda rundt, der Knut Olav vaks opp på 1970- og 1980-talet. Eg er bror til Knut Olav, og har hatt gleda av å illustrere dikta med mine eigne bilete. Eg er sjølvsagt dundrande inhabil til å bedømme kvaliteten på boka. Men personleg syns eg Knut Olav skriv godt, altså!

Eit par av dikta omhandlar foreldra Herborg og Arne, som døydde brått i 1998 og 1999. Dei dikta er vemodig og vakker poesi, slik eg les dei. Andre av dikta er skrive i eit meir humoristisk tonelag, som til dømes dette her om ein fotballspelar som nok er over toppen av karrieren. Her kan eg sjølv og sikkert mange andre godt kjenne oss igjen.

Hornnes-bana vart lite brukt til trening
difor var grasmatta finast der

det er andre omgangen no, og vel så det
dommaren bles i fløyta, eg legg på sprang
knottane grev seg ned i det sleipe graset

midtsirkelen veks og veks, til den kvite stripa
smeltar saman med horisonten

sekstenmeteren eit fjernt kontinent
pulsen hamrar i tinningen
bruset frå tribuna stilnar til ei mumling
– sjå kor han pesar,

der spring ein mann med målet framfor seg
og alle scoringar bak seg

Knut Olav

Knut Olav spelar på sin sjølvbygde gitar. Foto: Geir Daasvatn

Knut Olav er fødd i 1969. Han er seniorkonsulent ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen, og utdanna biokjemikar. Han vaks altså opp i Hornnes, og er son til Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn.

Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.

Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. 23. mars 2014 hadde dei poesikonsert i Hornnes kyrkje, i Knut Olav si heimbygd.

Han har også nytta Diktkammeret som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar». I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i Jol i Setesdal.

Ved sida av diktskrivinga er han ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar.

Knut Olav er gift med Marianne, og dei har sonen Sveinar saman.

 

 

Dikt: «Ein mann med målet framfor seg og alle skoringar bak seg»

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Runebergmoen – Senum

Runebergmoen er eit stille skogsområde på Senum heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Her kan du i fred og ro vandre rundt på mjuke gamle

Klepp – Gymsåna

Frå Klepp heilt sør i Evje går det fin skogsbilveg fleire kilometer innover i heia langs Gymsåna. Her er gamle fløytingsmurar, ein øydegard som kanskje

Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange

Evje natursti

Evje natursti starter ved Oddeskogen barnehage, og går på fin sti gjennom stille skogsterreng lett oppover til Odde gård. Det er grei parkeringsplass der løypa

Hornåsen

Hornåsen ligg bare nokre få minutt oppover i skogen frå dei nyaste husa i Hornåsen bustadfelt. Så det er ikkje nettopp ein langtur å gå

Den gamle Postvegen

Heilt sør i Evje og Hornnes, på Hodne, kan du gå eller sykle langs den gamle Postvegen frå 1840 i fleire kilometer, gjennom idyllisk og

Mest lest siste 7 dager