Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Thomas Wassengen klypper snora og erklærer badebua for opna! Me ser også f.v. Odd Magne Strømstad, Mari Haugen Abusland, Katrine Dåsvatn, Jenny Strømstad og Trude Frøysnes. Foto: Geir Daasvatn
Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag.

Det var ein av primus motorane i prosjektet, Thomas Wassengen, som heldt ein vel forberedt opningstale, med fokus på livsglede, folkehelse og andre samfunnsnyttige ringvirkningar han forventa bua ville bringe. Så klyppa han høgtidleg – og til stor applaus frå dei frammøtte – over snora og erklærte badebua offisielt opna.

Montér Evje har skjenka bua

Bua er gitt til isbadarane i Hornnes av Montér Evje. Innehavar Mikael Bek fortel:

– Eg har køyrd forbi Dåsnes fleire gonger i vinter, og sett desse isbadarane i aksjon i elva. Men eg vart etterkvart uroa for både isbadarane og for trafikkantane på Riksveg 9. Eg tykte isbadarane i det minste burde ha eit lite krypinn å skifte i, så dei kunne kome litt i ly for snøstorm, hagl og regn. Med omsyn til trafikkantane, blei eg uroa over om dei ville miste merksemda mot trafikken når dei såg desse halvnakne isbadarane nede ved elva. Her er dei jo midt inne i ei svær rundkøyring, der det er lett å kome ut av kurs, og sjølv den minste lisle distraksjon vil kunne få store konsekvensar.

Saka held fram under bildet

Mari Haugen Abusland, Odd Magne Strømstad, Jenny Strømstad, Katrine Dåsvatn og Thomas Wassengen kosar seg i det etter måten varme vatnet. Foto: Geir Daasvatn

Då ein annan av prosjektleiarane, Odd Magne Strømstad, tok kontakt med spørsmål om nokre materialar til ei badebu, var Mikael difor svært takksam for å kunne gi ei ferdig utstillingsbu som dei har hatt på Montér til tiltaket.

Odd Magne utdjupar:

– Me er veldig takksame for den fine støtta frå Montér Evje. Det er jo også litt vinn-vinn for begge partar dette. Me som badar i åna har fått eit fint lite krypinn der me kan legge frå oss tøyet før me stupar ut i elva. Og Mikael treng ikkje lenger uroe seg for at halvnakne menneske skal forstyrre bilane i rundkøyringa!

Topp fasilitetar

Det er montert lys i badebua, og lanterne utvendig. Akkurat nå er ho skilta med vinterbading. Men så vil sjølvsagt dekoren bli endra når det går over til sommarsesong. Rundt brygga har nemnte Thomas laga ein fin, liten steinplatting. Fasilitetane er i det heile tatt på eit høgt nivå. Utom brygga er termometeret på plass. Då 4–5 av dei faste isbadarane hoppa i vatnet etter den ildfulle opningstalen søndag formiddag, heldt vatnet ein bra temperatur på 3 grader. Tidlegare i vinter har det vore ned mot 0 grader, og dei ivrigaste har måtte hogge seg ei lita råk i isen å bade i.

Thomas Wassengen heldt ein intens og framifrå tale under den offisielle opninga, og det gjorde godt å kunne kjøle seg litt ned og få roa nervene etter kraftanstrenginga. Foto: Geir Daasvatn

Yngvil er tøffast!

Det skal vere rundt 10–15 meir eller mindre faste personar som er med i isbadarmiljøet i Hornnes. Dei første var visstnok i gang for om lag eitt år sidan, eller kanskje noko meir. Så er fleire og fleire blitt hekta på sporten etter kvart. Yngvil Abusdal skal vere mellom dei aller tøfaste. Ho har greidd å trø vatnet i 6 minutt. Det er rekord så langt, meinte dei som var møtt fram til opninga.

Det er «Boa» Abusdal som eig området her, der Dåsåna altså renn ut i Otra. Kommunen leiger området på langtidsavtale, og har stelt i stand ei kjempefin småbåthamn med båtutsettingsplass. Nå er det altså også kome opp eit hypermoderne badehus. Sjølv om «badeklubben» førebels ser ut til å vere eit slags Hornnes-fenomen, forsikra alle som var til stades under opninga at evdølar også er hjarteleg velkomne i anlegget. Men ein annan sak er sjølvsagt om dei vil tole ei slik påkjenning på lekamen som isbading trass alt er.

 

 

 

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Turforslag fra OpplevEvje

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn

Hornåsen

Hornåsen ligg bare nokre få minutt oppover i skogen frå dei nyaste husa i Hornåsen bustadfelt. Så det er ikkje nettopp ein langtur å gå

Steinsfjell

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål! Skrive av Geir Daasvatn I vesthallet av fjellet,

Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og

Horgeknipen turløype

Horgeknipen turløype ved Byglandsfjord tar til fra Senum helt nord i Hornnes, og og ender på toppen av Horgeknipen på grensen mellom Evje og Hornnes

Mest lest siste 7 dager